• Om verksemda

    Om verksemda

Verksemda Revisor Lars Klyve AS har godkjenning som revisjonsselskap og som autorisert rekneskapsførarselskap, og har dermed høve til å ta på seg oppdrag innanfor både revisjon og rekneskapsføring. Det er likevel oppdrag innanfor revisjon som verksemda hovudsakleg driver med.

Revisor Lars Klyve AS tilbyr elles rådgjeving, innanfor relaterte fagfelt som skatt og avgift og anna økonomisk rådgjeving for verksemder, organisasjonar og privatpersoner.

Revisor Lars Klyve AS har kontorfelleskap med andre revisorer i Regimentsbygget på Tvildemoen like ved Voss sentrum.

Gjennom kontorfelleskapet og gjennom Den norske Revisorforening har ein tilgang på god fagkompetanse innan skatt, avgift og rekneskap.
Lars Klyve er ansvarlig revisor på alle oppdrag, og hovudsakleg den som utfører arbeidet. Det blir også nytta innleigde medarbeidarar ifrå kontorfelleskapet på oppdrag, når det er behov for det.

Lars Klyve har jobba som revisor sidan 2009, og har i denne samanheng god erfaring med ulike bransjar.

Lars Klyve har autorisasjon ifrå Finanstilsynet som registrert revisor og autorisert rekneskapsførar.

medl revisor blue pos small